Info skriv frå styret i dio 08 - September 04

Sidan siste infoskriv i mars, har det vore eit særdeles aktivt år for dioen.

Godkjenningar / kurs

Nye hundeførarar:

Monica Lysne, Jens Petter Håvik og Knut Skår har godkjent lavine i vinter.

Erling Jacobsen og Narve Opheim har godkjent ettersøk sommar:

Re-godkjenningar:

Helene Sæterdal har regodkjent for 1 gang både lavine og ettersøk.

Erling Ellingsæter og Trude Ullaland regodkjente ettersøk for 2. gang.

Dette betyr at me pr. i dag har 7 godkjente lavineekvipasjar og 6 godkjente ettersøksekvipasjar i Sogn og fjordane, noko som er særdeles bra.

Det har og vore gjennomført egnethetstestar, appellprøvar, utmarsjar og ein del har teke grunnkurs.

Gratulerer !!!!!!!!!!!!!!!!!!

Kurs og samlingar:

Førdesamlinga var som tidlegare år, stor suksess. Det var totalt 4 instruktørar og 24 ekvipasjar som deltok. Alt klaffa utanom været.

Men sjølv om nokon måtte bytte treningsfelt på grunn av snø så retta det seg og mot slutten.

Tyinsamlinga vart og gjennomført med 16 ekvipasjar og 2 instruktørar. Det var ønske om 3 instruktørar men etter å ha tråla marknaden enda me opp med 2. Eit lag vart då utan men etter tilbakemeldingane så hadde alle godt utbytte av samlinga.

Laviksamlinga står no for tur( 22 – 24/10).

Denne er det sendt ut invitasjon om. Det er kun få plassar att.

Neste samling vert då på Tyin ( 07 – 09/01 2005 )

Det vert sendt ut invitasjon seinare men set kryss i kalenderen.

Me vil og prøve å få til rekrutt / B-kurs lavine i vinter dersom det er interesse for det.

Tidspunkt er ikkje bestemt, men dersom nokon er interesserte så kan dei gi melding om dette til Knut ( knut@mail.ardalsnett.no eller 93223836 ).

 

Aksjonar:

Talet på aksjonar me har delteke i har eksplodert siste året. Våre hundeførarar har vore med på over 20 aksjonar siste 12 mnd. Dette er meir enn dobbelt så mange aksjonar som nokon gong tidlegare har vore registrert på eit år.

Dette visar at rekruttering er viktig då belastninga på hundeførarane til tider er svært stor.

Ein stor takk til alle hundførarane og beredskapsansvarlig (BA) som har stått på !

Bruk av hund under aksjoner

Det er komen inn spørsmål korleis NRH stiller seg til at det vert teke med hundar på aksjonar i regi av Røde Kors, Norsk Folkehjelp el. som ikkje er godkjente.

Me vil her referere frå ein instruks frå NRH sentralt som gjev svar på dette :

"NRH er ansvarlig for at redningshundekvipasjene som opererer har de godkjenningskrav som til enhver tid gjelder for den type aktivitet hundeekvipasjen er godkjent for."

Dvs. at medlemmer av NRH og skal arbeide for at de berre vert brukt godkjente hundeekvipasjar under aksjonar. Ut frå dette skal det ikkje takast med hundar som er under opplæring i NRH, på aksjonar, sjølv om eigar stiller for andre organisasjonar.

Nytt fra NRH sentralt

NRH avheldt representantskapsmøte på Hurdal 12.06.2004.

Der overlet Odd Kulø leiarplassen etter 10 år til Kari Egge Tvedt.

Bort sett frå vanlege årsmøtesaker vart vedtektene til NRH revidert. Dei nye vedtektene vil etter kvart bli lagt ut på NRH sine internettsider.

Bjørn Furseth som forutan å være distriktsinstruktør, og nestleiar i dio Sogn og fjordane er utnemnt som medlem i fagteknisk utval (FTU) i NRH sentralt.

Gratulerer !!!!!!!

Vidare framover:

Som tidlegare nemnt så er rekruttering viktig for å sikre at godkjente ekvipasjar minimum held seg på det nivå me har i dag og aller helst aukar.

Treningar er for tida organisert i Førde lag og Indre Sogn lag.

Auka aktivitet krev større resursar, eit av problema er økonomi, for å oppretthalde økonomien i dioen vert det nok loddsal neste år. Dersom nokon av medlemmane har forslag til aktivitetar, plassar det kan søkast om støtte, sponsorar el. som kan gjere at økonomien vert betre så tek me mot dette med takk.

Det vil sannsynlegvis verte instruktørkurs neste år. Sogn og Fjordane bør kunne få fleire plassar der sidan me berre har ein instruktør i dio. Styret meiner me må prioritere dette og vil undersøke kven som kan være interesserte i ei slik utdanning.

Kravet til å kunne delta på instruktørkurs er at ein er såkalla tidlegare hundeførar. Det vil sei at ein har eller har hatt hund som er godkjent to gonger ev. to hundar som er godkjent anten ettersøk eller lavine.

Me vil at alle som kan være interesserte i dette tek kontakt. Me kan ikkje lova at alle får plass, men håpar at mange melder si interesse.

Styret er svært interessert i å få tilbakemelding på saker som opptek medlemmane.

Ta gjerne kontakt med undertegnede eller ein av dei andre styremedlemmane dersom de har noko på hjertet.