Et lite historisk tilbakeblikk fra Dio8 Sogn og Fjordane
Før heitte organisasjonen ”Foreningen Norske Lavinehunder”, forkorta FNL. På repmøte i Harstad 1992 vart det vedteke eit namneskifte til ”Norske Redningshunder”, forkorta NRH.

Alle medlem har vore direkte tilslutta organisasjonen, men for å ha dialog ut i landet var det kontaktmenn i fylka. Det vart omorganisering i organisasjonen, med hovudstyre og distrikt tidleg på 80talet. Eit distrikt kan vere eit område som hadde god samferdslekommunikasjon, eller eit fylke. Indre Sogn lag, dvs. årdøler og lærdøler høyrde lenge til Dio Hed/Opp. Då ferjesambandet Mannheller-Fodnes kom, vart det lettare for dei å reise til sitt eige fylke. No i 2005 er organisasjonen delt opp i 18 distriktsorganisasjonar, og fylket Sogn og Fjordane er ein av desse.

Dio Sogn og Fjordane prøver no å finne fram glimt og fakta frå ”tidlegare” tider. Gje oss eit hint om du har avisutklipp, bilde eller anna stoff som kan publiserast.


Over: Treningssamling på Standalseidet i sept/okt 89. Det var, (og er), eit godt samarbeid mellom dioane. Her er Kåre Ringstad (S og Fj) saman med møringane Harald Aarflot, Gunvald Sætre og instruktør Odd Kulø. Du kan lese avisutklippet frå ”Møre”, som er frå same samlinga. Foto: ABB




Bildet under:
Gjengen utanfor hytta, på treningssamlinga på Utvikfjellet 8-10.juni 1990. Monika Pålhaugen, instruktør Esa Viitala, Rune Gylterud, Harald Aarflot, Anne-Brit Balevik, Tore Haugland, Rolf Nygård, Margnar Espedal, Norleif Jordanger. Foto: nokon for ABB.

Det var kurs på Høyangerfjellet to langweekendar i februar 1990. Her ser du spademannskapet står klart, og ventar på at hundeekvipasjen som er i søk, skal rope ”funn”. Her er Monika Pålhaugen, Jan Ove Engen, Stein Ove Løken og Rune Gylterud. Les avisutklippet og det dioen hadde i lagsbladet etter samlinga. Foto: ABB

Over: Ein godkjent ekvipasjane frå Gloppen lokallag, Erling Solheim m/ Foto:ABB

Over: Treningssamling hausten 90. Vi budde i hytta på Langeland med treningsfelt ved Bringeland. Instruktør Odd Kulø, Magnar Espedal, Magnar Solheim, Rune Gylterud. Foto:ABB

Over: Her går sporet. Magnar Solheim m/Aero er var ein av dioen sine ekvipasjar på tenestelista. Foto:ABB
Over: Treningssamling hausten på Høyangerfjellet. Ukjent oppgåve for 2 av hundeekvipasjane. Magnar Solheim m/ Aero og Rolf Nygård m/ Jacko. Foto:ABB Over: Kritiske auge følgjer nøye med….. Rolf Nygård med ”Jacko” er neste ekvipasje som skal testast. Elles ser vi Rune Gylterud, ?, Inge Olav Fonn m/kamera og Tore Haugland. Foto:ABB.
Bildet til venstre:
Gjengen samla utanfor hytteveggen på ”Fjellheim”. Heile hytta er no vekke. Den gikk tilbake til grunneigarane, men dei ville ikkje ha vedlikehaldskostnader og brann opp heile bygget. Det har vore arrangert mange flotte samlingar her, både sommar og vinter. Vi hadde svært god plass, det var mange rom, stor stove, matsal, kjøken, tørkerom, bad………… Det var flott å bu heilt oppe på fjellet, sjølv om det vinterstid kunne vere vanskar med å kome seg på plass. Les klipp frå lavinehunden juni90. Foto:ABB

Over: På stamplass i Lavikdalen. Trude Ullaland, instruktør Johan Simonsen, Erling Ellingseter, Rolf Nygård og Frode Fuglestrand nærmast. Foto:ABB.










Til høgre: Treningssamling hausten 90. Vi budde i hytta på Langeland og hadde treningsfeltet ved Bringeland. Anne-Brit m/Teo i runderingsløypa. Foto: ? for ABB
Bilde til venstre:
”Eg har funne nokon”. Foto: ? for ABB

Bilde nederst til venstre:
Rune Gylterud vert funnen. Foto: ? for ABB


Bildet nedenfor:
Instruktør Odd Kulø evaluerer ekvipasjen, hundeføraren får tilbakemelding på bruk av hunden, korleis ”jobben” vart gjort.
Foto: ? for ABB
-Her finn du gamle avisutklipp m.m. trykk i vei...